Høyring av ny slamforskrift og ny forskrift om avfall frå hushald

Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) står for oppsamling, innsamling, transport og behandling av hushaldsavfall i kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord. SUM har no to forskrifter ute på høyring: Forskrift om avfall frå hushald og slamforskrift. Begge med høyringsfrist 1. desember. Du kan no gje dine innspel.

Kort om forskrift om avfall frå hushald 

Forslag til ny «Forskrift om avfall frå hushald» er basert på innhaldet og prinsippa som fylgjer av gjeldande forskrift. Dette inneber at det nye forslaget regulerer forholdet mellom abonnent/kunde på den eine sida, og SUM (kommunane) på den andre sia.

Den nye forskrifta vil samstundes gje ein betre struktur og system for dei tilhøva som vert regulert i forskrifta, og gjer det meir tydeleg at SUM kan supplere forskrifta med retningsliner, rettleiarar og annan meir detaljert informasjon. 

Ein slik struktur og system for forskrifta, gjer den meir dynamisk og gjev betre
rom innanfor forskrifta sine rammer for å tilpassa renovasjonsordninga til endra, nye og framtidige behov.

Les heile forskrift om avfall frå hushald og send dine innspel

Kort om ny slamforskrift

Kommunane som er deltakarar i SUM har utarbeida eit forslag til ny felles forskrift om slam og slamtømming i kommunane. Den nye slamforskrifta er basert på innhaldet som fylgjer av gjeldande forskrift, men det er samstundes gjort ei viktig endring med omsyn til kven eigedomane skal forhalda seg til. 

I den nye forskrifta vil det vere den enkelte kommune som er kontaktpunkt og har naudsynt mynde når det gjeld søknadar, tillatingar, tilsyn, kontroll og sanksjonar. SUM si rolle etter den nye forskrifta er å vere operatør og skal framover vere den som samlar inn og handsamar slammet.

Les heile slamforskrifta og send dine innspel

Sei di meining innan 1. desember

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om forskritene. Fristen for å sende inn innspel er 1. desember.

Når høyringsperioden er over, vil mottatte uttaler, innspel og andre merknader, handsamast og eit endeleg forslag til ny felles slamforskrift vil bli handsama av kommunestyret i kvar kommune.

Når forskrifta er vedteke i alle kommunane, vert den kunngjort i Norsk Lovtidende og vil bli tilgjengeleg på lovdata.no.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema på SUM sine nettsider

Du kan også sende innspel i ordinær post til Sunnfjord Miljøverk IKS, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde