Detaljregulering Jostedalsbreen gondol – høyring

Formannskapet i Sunnfjord kommune har vedteke å legge ut detaljregulering Jostedalsbreen gondol på høyring og offentleg ettersyn. Delar av detaljreguleringsplan Rv.5 Lunde – Føreneset, vert lagt ut på høyring for oppheving. Høyringsperioden er 15.04.2025 – 02.06.2025.

Kartutsnitt som viser planområdet frå rv.5 og til Tverrfjellet - Klikk for stort bilete

Kort om planen

Planområdet ligg ca. 13 km frå Skei. Det startar ved rv.5 mellom Støylsnestunnelen og Fjærlandstunnelen og går opp til Tverrfjellet. Planområdet grensar til Jostedalsbreen nasjonalpark. Bakgrunnen for planarbeidet er eit ønskje om ei reiselivssatsing ved Kjøsnesfjorden og Jostedalsbreen nasjonalpark.  Forslagstillar er Jostedalsbreen gondol og konsulenten deira er Nordconsult.

Planen viser ein botnstasjon ved rv.5, mellom Støylsnestunnelen og Fjærlandstunnelen. Der skal det vere parkering, restaurant/kafe og gondolstasjon. Bana går over rv.5 til toppstasjonen like under Tverrfjellet. Der er det planlagt ei utsiktsrampe som gir panoramautsikt over Kjøsnesfjorden og kringliggane kulturlandskap og fjell. Det skal vere besøksstyring ut frå toppstasjonen for ikkje å auke trykket på eit svært sårbart naturområde opp mot Jostedalsbreen, snøleie. Statens vegvesen (SVV) hadde planar om å lage kjettingplassar og forbikøyringsfelt mellom Støylsnes- og Fjærlandstunnelen for å auke trafikktryggleiken. SVV har lagt sin plan på “vent”.

Gondolbana er  planlagd med kabiner (vogner) som tek 40 personar. Estimerte besøkande i året er sett til 75 000 personar. Investeringskostnadane er førebelse estimert til i underkant av 400 millionar. I tillegg kjem gondolleveransen.

Det er gjort ulike utgreiing som grunnlag for reguleringsplanen. Som del av dette er det konsekvensutgreiingar KU for desse tema: naturmangfald, kulturmiljø, landskap, friluftsliv, samfunnsverknad samfunnstryggleik (risiko- og sårbarheitsanalyse).

Illustrasjonen viser utsikt frå toppstasjonen - Klikk for stort bilete Nordconsult

Sjå viktige dokument i saka

Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 10.04.2025.

Sei di meining innan 2. juni

Fristen for å sende innspel var 2. juni 2025

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Vigdis Randine Rorstad Lobenz om det er noko du lurer på.

Lovverk

 

Sjå innkomne innspel og andre dokument