Næringsfond for Jølster og Gaular

I dei tidlegare kommunane Jølster og Gaular har vi hatt tre kraftfond som gjeld næringsføremål.  Sunnfjord Utvikling har ansvar for fordeling av midlane som gjeld både Gaularfondet og fond for Jølster kraftverk. Midlane som står igjen frå Kjøsnesfondet blir fordelt av utval for samfunn, kultur og næring basert på innkomne søknader.

No kan du søke om midlar frå Kjøsnesfondet

Fondet skal først og fremst nyttast til næringsføremål i området rundt Kjøsnesfjorden og Skei. Det står i dag att 1 million kroner i fondet.

Slik sender du søknad

  • Send søknaden på epost til postmottak@sunnfjord.kommune.no  
  • Om du sender personopplysningar send søknad på eDialog
  • Merk søknader med saksnr 22/2577
  • Du må sende søknaden innan fristen 1. september 2024. 

Har du spørsmål?

Kontakt Trond Ueland

Kort om bakgrunn for kvart fond

Alle tre kraftfonda vil framleis vil ha si geografiske avgrensing som i dag. Det betyr at kompensasjon for utbygging i Kjøsnesfjorden og utbygging i Jølstra har Jølster som nedslagsfelt. Det same gjeld Gaularfondet, som er ein kompensasjon for utbygging i Gaular. Dette er midlar til næringsutvikling i Gaular.
 

Kontakt

Profilbilde av Trond Ueland
Trond Ueland
Einingsleiar Næring og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 61 27 05
Mobil 91 33 74 10