SkjenkeløyveSkjenkeløyva i Sunnfjord kommuneAlle skjenkestadane måtte søke på nytt om skjenkeløyve i Sunnfjord kommune våren 2020. Dei nye skjenkeløyva gjeld for fireårsperioden 2020–2024.Kommunestyret vedtok skjenkeløyva for 2020–2024 i møte 18. juni 2020Når treng du skjenkeløyve?Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år. Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve. Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart. Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. Korleis få skjenkeløyve?styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyvedagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyvestyrar og varastyrar må vere over 20 årstyrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstillingdet er krav om uklanderleg vandel Slik søker duDet kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søk om fast skjenkeløyve Vedlegg du må ha med i søknaden firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.noforetaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og for føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.noskatteattest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.noteikning av lokalet med avmerking for inne- og uteserveringvitnemål frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at styrar og varastyrar har greidd prøvasåkalla "konseptutgreiing": opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestadenKor lang tid tek det?Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen. Kva kostar det?Det er gratis å søke om skjenkeløyve. Korleis levere omsetningsoppgåve?Alle som har eit skjenkeløyve skal betale eit årleg bevilligsgebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsette neste år. Kvar skjenkestad må melde inn omsetningsoppgåve for alkoholhaldig drikk kvart år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6.Her kan du melde inn omsetningsoppgåveLover, forskrift og lokale vedtak Alkohollova Serveringslova AlkoholforskriftaRetningslinjer for sal- og skjenkeløyve i Sunnfjord kommune 2024 - 2028 - Kommunestyret sitt vedtak 26.09.2024 (PDF, 574 kB) Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020–2024 Sunnfjord kommune Kommunestyrevedtak 18. juni 2020 om skjenkeløyver for 2020–2024 Publisert 10.07.2020 12.30