Etablerarprøve for serveringsstadDen som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år. Kor kan du ta prøven?Du kan ta prøva på tenestetorget på rådhuset. Bestill tid i skjema. Det er nok å bestillle nokre dagar i forkant.Skjema for oppmelding til kunnskapsprøve om alkohollova / etablerarprøve Gjennomføring av prøvenPrøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. Prøven må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling. Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilde).Det kostar 400 kroner å ta prøven.Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong. Kva er pensum?Det kan vere lurt å lese gjennom læreheftet før du tar prøven. Vi har nokre hefte til utlån på tenestetorga, men du kan òg kjøpe det direkte frå vinn.no.I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektronisk test. Prøvebevis som dokumentasjon Alle som består etablererprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vil du vite meir?Vi svarar gjerne på spørsmål. Kom innom oss eller ring oss på telefon 57 72 20 00.Aktuell lovServeringslova Publisert 16.12.2019 22.04