Kven kan søke om produksjonstilskot?
Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke om produksjonstilskot, t.d. arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr osv. Føremålet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk.
Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar.
Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal kan føre til avkorting av produksjonstilskotet.
Slik søker du
Søk om produksjonstilskot
Søknadsfristar, telje- og utbetalingsdato
Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie har to søknadsfristar i året:
15. mars (med teljedato 1. mars)
15. oktober (med teljedato 1. oktober).
Tilskota vil bli utbetalt i februar året etter at du har søkt.
Har du spørsmål?
Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine.
Kontaktpersonar
Ola Kvaal
Arne Stig Sortevik