Anbefalt alder:
frå 3. klasse
7/8 år
Undervisningsstader:
Førde (hardingfele)
Vassenden (hardingfele)
Skei (fele)
Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.960,-
Hardingfele på Sunnfjord kulturskule:
Individuell undervisning eller undervisning i gruppe. Foreldra får tilbod om å spele saman med elevane.
Undervisninga skjer på gehør, det vil seie utan notar.
Om instrumentet:
Hardingfela har 4 strengar som ein spelar på, og i tillegg er det 4-5 understrengar som kling med.
Kostnadar:
Kulturskulen har instrument til utleige til kr 525,- pr halvår/ semester.
Historie:
Hardingfela er ein norsk feletype utforma i Hardanger på 1600-talet, og er Norge sitt nasjonalinstrument.
Kjente utøvarar frå Sunnfjord som spelar hardingfele:
Sigmund Eikås
Synnøve S. Bjørset
Gro Marie Svidal
Erlend Apneseth
Vel ein eller fleire alternativ: