Fordjuping

Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, som er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler, Kinn, Askvoll, Hyllestad eller Solund kommunar. 

Fordjuping - musikk

Fordjupingstilbod musikk i region Sunnfjord og Ytre Sogn

Søknadsfrist 1. november 2023
Har du sterk interesse for musikk? Bur du i Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Solund eller Sunnfjord? Fordjupingstilbodet er for kulturskuleelevar som treng meir enn det vanlege kjernetilbodet. Kulturskulelæraren er den som tilrår elevar å søke.

Vi arbeider for at det skal vere mogleg å få maksimalt utbytte av kulturskuletilbodet også utanfor dei største byane i Noreg. Organiseringa av tilbodet vert skreddarsydd til dine behov. Vi som administrerer prosjektet vil kartlegge eleven sine behov og ønsker, og i samarbeid med institusjonar og organisasjonar i vår region, vil vi lage det opplegget som passar for akkurat deg.
Treng du å kople musikkteori til praksisen din? Treng du å bli betre til å skrive låtar? Treng du å spele saman med andre på ditt instrument?

Tilbodet er for elevar i alderen 13-19 år som kan arbeide sjølvstendig, og skal bidra til å styrke både det handverksmessige, kunstnariske og sosiale aspektet ved musikkutøving.


Det vert avspark-samling laurdag 2. desember 2023 i Førde.

Har du lyst å søkje? Då gjer du slik:
• Søknadsfrist: 1. november (kulturskulelæraren tilrår elevar å søke)
• fyll ut påmeldingsskjemaet (link til påmelding)
• skriv nokre linjer inne i skjemaet om kven du er, kva læraren din heiter og din motivasjon for å delta på tilbodet
• Lag ein video med 1-2 låtar og legg ved søknadsskjemaet (opptak på mobil går fint og læraren din kan heilt sikkert hjelpe deg)
• Etter innsendt påmelding kontaktar vi deg og dine føresette for å avtale intervju, i Førde eller digitalt, i veke 47 (20.-24.11.2023)
• Pris pr. semester kr. 500,-, (kr 0,- haust 2023)

Velkomen som søkjar!

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt:

Helga Lied Wyrtz
Prosjektleiar fordjuping musikk
Tlf: +4747400942
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no


Fordjuping - visuell kunst


Søknadsfrist for vårsemesteret var 10. desember

Tilbudet har 8-10 elevplassar og undervisninga går føre seg i eit inspirerande fagleg og sosialt fellesskap.

Samlingshelger for vårsemester 2023:
laurdag 4.2 kl. 11-17, med Aud Marit Skarrebo Holmen, billedkunstner www.amsholmen.no, teikning og maling etter modell
laurdag 4.3 kl. 11-17, med Aud Marit Skarrebo Holmen, billedkunstner, teikning og maling etter modell
laurdag 29.4 kl. 11-17, med Camilla Vie, animatør, Procreate
laurdag 3.6 kl. 11-17, på Kvamsøy hos Geir Hjetland, billedkunstner, modellering


Samlingshelger for haustsemester 2023:
laurdag 26.8 kl. 10-16, Maria Hjelmeland, billedkunstner, collage/prosess/serialitet

laurdag 16.9 kl. 11-17, Sara Heilevang, billedkunstner, «det stadsspesifikke»

laurdag 21.10 kl. 11-17, Aud Marit Skarrebo Holmen, billedkunstner, teikning og maling

laurdag 11.11 kl. 11-17 (fre/lør/søn) arbeidshelg m Ingjerd


Ved å treffe andre som skapar på eit høgt nivå, blir ein inspirert og ein kan få venner med felles interesser. Elevane får undervisning av ulike profesjonelle kunstnarar innanfor deira spesialfelt.

Ved å treffe andre som skapar på eit høgt nivå, blir ein inspirert og ein kan få venner med felles interesser. Elevane får undervisning av ulike profesjonelle kunstnarar innanfor deira spesialfelt.
Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid mellom samlingane.
Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av kjernetilbodet (det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din), og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høyere utdanning innan faget. Fordypningselevar kan fortsette på fordyping, sjølv om dei kjem inn på KDA (Kunst, Design og Arkitektur) på vidaregåande.
Dei første samlingane vil vere i kunstsalen til Sunnfjord kulturskule, Førdehuset i Førde. Våren 2023 legg vi opp til undervisning 4 lørdager fra kl. 11-17 i Førde. Etterkvert kan det bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva vi skal jobbe med og med kva for kunstnarar.


Pris pr. semester kr. 500.

Velkomen som søkjar!

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt:

Ingjerd Monsen Hjelmeland
Prosjektleiar fordjuping visuell kunst
Tlf: +4799230970
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no

Lærarar