Klovneshow

Framsyning av klovneshow fredag kl. 15.00 - 15.30, 9. august 2024

Gratis!

Stad: Teater Vestland i Nynorskhuset

Vi har gleda av å invitere dykk til ein festleg og morosam avslutning på sommarkurset! Etter ei innhaldsrik og kreativ veke skal barna, saman med dei to dyktige profesjonelle klovnane Madeleine og Suzanne, vise fram alt det dei har lært.

Klovning handlar ikkje berre om å få publikum til å le, men også om å skape ein spesiell kontakt med dei som ser på. Barna har øvd på alt frå morsomme grimasar til artige påfunn, og er klare til å briljere på scena. Det blir garantert eit show fullt av glede, overraskingar og smil, der latteren vil runge i veggene.

Dette er ei hending som heile familien kan glede seg til, og vi håpar at så mange som mogleg vil kome og støtte dei unge artistane. Ta med deg venner og kjente, og bli med på å skape ein fantastisk stemning denne ettermiddagen.

Sommarkurset er arrangert i samarbeid med Teater Vestland, Sunnfjord kulturskule og Latter Event.

Velkomen til ein uforgløymeleg ettermiddag med klovnestrekar og god stemning! Vi ser fram til å sjå dykk der.

to barn kledd ut som klovnar - Klikk for stort bilete Firda