Sunnfjord kommune

Oversikt over tilsette


Kulturskulen

Ansatte i avdelingen Kulturskulen
Namn Tittel Telefon Mobil E-post
Kulturskulelærar gitar

Klikk for stort bileteTatjana Barthel kjem frå Russland. I 1993 var ho ferdig med utdannelse på musikkhøgskolen i Oryol og starta å jobbe som musikklærar i Brynsk kulturskule (1993-2001). Frå 1995-2001 spelte ho i Balalaykaorkesteret i Bryansk.
I 2001 flytta ho til Bygstad, der ho har jobba som dirigent i Førde Ungdomskorps og Naustdal skolekorps. Tatjana har spelt saman med Kjell Ivar Aase på forskjellige konsertar og arrangement, og i band med Lillian Samdal. Frå 2010 er ho tilsatt som gitarlærar i Gaular, no Sunnfjord kommune.

Korpsdirigent 403 25 896

Klikk for stort bilete .

Distriktsmusikar fiolin, kulturskulelærar stryk 915 73 032

Klikk for stort bileteHenri Eftevand (fiolin) har studert i Trondheim og Oslo med Frode Hoff, Terje Moe Hansen og Sølve Sigerland som lærarar. Henri avslutta utdanninga si ved Norges Musikkhøgskule våren 1996. Hausten 1997 vart Henri tilsett ved Førde Kommunale Musikkskule som distriktsmusikar. Sidan då har han vore med i dei fleste større oppsetjingane der det har vore behov for strykarar i Sogn og Fjordane, oftast som konsertmeister. Han har òg vore solist med orkesterforeininga i Sunnfjord og Sogn og Fjordane Symfoniorkester.

Kulturskulelærar gitar 911 41 451

Klikk for stort bileteTor Ivar Flatjord bur på Skei i Jølster har vore deltid gitarlærar i Jølster kulturskule sidan 2005 og blitt med over til Sunnfjord kulturskule etter samanslåinga. 
Han har lang erfaring frå band, som trubadur, med studioarbeid og i revyar og diverse show. Tor Ivar er fast medlem i bandet «Månevenn», som har gitt ut fleire LPar. 

Kulturskulelærar kyrkjeorgel, piano, kor 57 82 81 92 924 27 287

Klikk for stort bilete  . 

Driftskoordinator - kulturskulen 57 72 61 28 992 02 671

Klikk for stort bileteAnja Gulbrandsen er frå Vålerenga i Oslo, men har budd på vestlandet sidan 1988. Ho har spelt klarinett frå ho var 8 år, og hadde dette som hovudinstrument på musikklinja på vgs, inntil song og piano tok meir over i vaksen alder. Ho har vore rektor på Jølster kulturskule frå 1998 til 01.01.2020, då ho gjekk over til Sunnfjord kulturskule etter kommunesamanslåinga. På Jølster var ho også aktiv i revymiljøet, og var kapellmeister og teaterinstruktør. Ho er utdanna musikkpedagog, har grunnfag i teater og drama, og underviser i song og piano ved kulturskulen.

Distriktsmusikar trompet, kulturskulelærar messing 482 74 273

Klikk for stort bileteJulia Gåsvær (trompet) kjem frå Solund og er utdanna ved Musikkonservatoriet i Tromsø og Royal Irish Academy of Music.
Ho har erfaring frå symfoniorkester gjennom frilansarbeid i RTÉ Concert Orchestra, RTÉ National Symphony Orchestra, Irish National Opera og Ulster Orchestra. Som musikar er ho allsidig og held på med komponering og arrangering ved sidan av trompetspel. I 2019 urframførte ho Alexander Aarøen sin trompetkonsert ”Dusk and Dawn” saman med Arktisk Filharmoni på sin avsluttandes masterkonsert.
 

Kulturskulelærar visuelle kunstfag/ messing 992 30 970

Klikk for stort bileteIngjerd Monsen Hjelmeland (visuelle kunstfag/messing) har si utdanning frå Kunsthøyskolen i Bergen, avd. for tekstilt kunsthåndverk. Ho har arbeidd aktivt som kunstnar i mange år, har hatt fleire separatutstillingar i anerkjente institusjonar/gallerier og deltatt på prestisjetunge utstillingar i inn- og utland. Ho har mottatt ei rekke stipend og er innkjøpt av m.a. Norsk Kulturråd. Ingjerd Monsen Hjelmeland underviser og i messing. Ho har spelt kornett/trompet i mange år og held eit høgt aktivitetsnivå med speling i m.a. Jølster Musikklag, Angedalen Brunnssextett og Sogn og Fjordane Symfoniorkester. Ingjerd har vore tilsett ved Førde Kulturskule (no Sunnfjord kulturskule) sidan hausten 2010.

Ass. rektor kulturskulen 911 75 843

Klikk for stort bileteAnita Höllige er utdanna orkesterfløytist og pedagog. Ho har si utdanning frå musikkhøgskulen i Würzburg i Tyskland hos Prof. Klemeyer (tidlegare solofløytist i Staatsoper München) og frå Norges Musikkhøgskole hos Per Øien. Anita har blant anna spelt i følgjande orkestre: Operaorkester Passau, Ungdomssymfonikerne, Opera Nordfjord og Niederbayerische Philharmonie.
Ho er ein fløytelærar med mange års erfaring og ein dyktig piccolo-fløytist. 
Anita har jobba mykje med den organisatoriske siden av kulturlivet og har vidareutdanning innan "forretningsforståelse for kulturnæring".

Ho var medlem i Dragefjellets musikkorps (Bergen) og er assisterande rektor ved Sunnfjord kulturskule.

Kulturskulelærar el-bass, gitar, band 66 78 14 03 906 53 989

Klikk for stort bileteHarald Løkeland har studert musikk ved Høgskulen i Volda og Instittt for musikk ved Universitetet i Oslo
Han har erfaringar frå band, revy, teater, kor m.m. innafor dei fleste musikksjangrar, då som bassist. Han har jobba ved Førde kulturskule (no Sunnfjord kulturskule) sidan 2007. 

Kulturskulelærar messing 977 61 551

Klikk for stort bileteMari Therese kjem frå Vestvågøy i Lofoten og har Bachelor og Master i utøvende musikk på euphonium ved musikkonservatoriet i Tromsø. Ho har vore aktiv i musikklivet i Tromsø gjennom «Artic Trombone and Lowbrass festival» og har vore med i forskjellige ensemble og kvartettar. Med  desse har ho og deltatt på Nordlysfestivalen. Heime i Lofoten har ho ved fleire høve deltatt på Lofoten internasjonale kammermusikkfestival og dei siste åra har ho og vore med på sommarkonsertane i Borge kyrkje. Mari Therese har vore med på NM og EM for solistar fleire gonger.

Distriktsmusikar song, kulturskulelærar song 906 77 576

Klikk for stort bileteMezzosopranen Christine Marøy er utdanna ved Høgskolen i Agder, musikkonservatoriet, og ved Royal College of Music i London. Ho er ein allsidig songar som trivst i mange sjangre. Ho har medverka i fleire operaer, m.a. i Dido og Aeneas, Tryllefløyten, og har vore solist i oratorier som Mozarts Requiem, Pergolesis Stabat Mater, Handels Messias, Vivaldis Gloria, Brittens  A ceremony of carols og Bachs Juleoratorium i London under leiing av Peter Schreier. Der fekk ho strålande kritikkar i London-pressa. I 2005 deltok ho på Dronning Sonjas Internasjonale Musikkonkurranse. Ho er og ein aktiv romansesongar, og har m.a. gjort solokonserter på Troldhaugen, i England og Kroatia. Sidan hausten 2006 har ho vore tilsett som distriktsmusikar i Førde (no Sunnfjord kommune). 

Kulturskulelærar visuelle kunstfag 951 71 614

Klikk for stort bileteKaren Helga Maurstig bur og arbeider i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna ved Kunstakademiet Willem De Kooning i Rotterdam, Nederland, og  Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I 2006 hadde ho eit studieopphald i Nagasawa Art Park i Japan og lærte japansk tresnitt. Ho har delteke på nasjonale og internasjonale utstillingar mellom anna i Japan, Kina, Thailand, New Zealand, USA, England. Ho har jobba som lærar på Mo og Jølster vidaregåande skule, og har reist rundt i Sogn og Fjordane fylket med eit grafikk prosjekt i regi av Den Kulturelle Skulesekken.

Kulturskulelærar blokkfløyte, klarinett, saksofon 990 33 869

Klikk for stort bileteLeszek Michalski (klarinett, saksofon, blokkfløyte) har studert i Kutno og Lodz med Jerzy Slezak og Ryszard Ryczel som lærarar. Leszek avsutta utdanninga si ved musikkhøgskulen i Lodz i Polen. Hausten 1990 vart Leszek tilsett ved vidaregåande musikkskule i Kutno og som klarinettist i symfoniorkesteret ved musikkteateret i Lodz. Han har spelt mykje kammermusikk med forskjellige ensembler. I 2000 spelte han inn to eigne CD-plater på sopransaksofon. I samme år flytta Leszek frå Polen til Noreg og vart tilsett ved kulturskulen i Florø og i Førde. Sidan 2014 har han og vore med i Sogn og Fjordane symfoniorkester. 

Kulturskulelærar piano, kyrkjeorgel 991 27 430

Klikk for stort bileteRune Molvik, (piano og orgel) studerte kyrkjemusikk i Bergen med Tor Grønn (orgel) Knut Andersen og Jiri Hlinka (piano) og avslutta organiststudiet der i 1993. Sidan 1999 tilsett som kantor i Jølster prestegjeld. Frå samme årstall har han vore tilsett som instrumentlærar i piano, gitar og orgel i Jølster kulturskule og sidan 2020 i Sunnfjord kulturskule. I sin yrkespraksis er samarbeid med kor, song- og instrumentalsolistar ein del av aktiviteten. Med ei årleg gudsteneste i høve Jazz på Jølst, har samarbeid og samspel med jazz-musikarar vore ein del av oppgåva til kantor. Kantor har undervisning i instrumentopplæring som ein del av si stilling. Gjennom stillinga har ein del av arbeidet og oppgåvene vore å trekke kulturskuleelevane med i kulturlivet lokalt. Her har elevar hatt musikalske innslag ved konferansar og ulike andre samankomstar - og også i kyrkja ved spesielle anledningar som t.d. julekonsertar.

Kulturskulelærar moderne dans 940 59 620

Klikk for stort bilete .

Distriktsmusikar trekkspel, folkemusikk, kulturskulelærar trekkspel 951 81 672

Klikk for stort bileteOle Nilssen bur på Jølster, og er ein av landets fremste utøvarar innan folkemusikk og -dans. Han er utdanna frå Norges Musikkhøgskole og NTNU.
Som solist på trekkspel og durspel debuterte han i 2017 med plata ”Premier”, og han er elles mykje nytta som dansespelemann, ensemblemusikar og instruktør i spel og dans. I 2018 vart han kåra til ”Årets unge folkemusikar”. Som dansar har han fleire NM-titlar.
Trekkspelet er eit instrument med mange fasettar, og i hendene til Ole spelar det rolla som «vovet» soloinstrument så vel som audmjukt samspelsinstrument. Slåttespråket slår like gjerne følge med Prøysen som med Plagge og Paganini.
 www.olenilssen.com

Musikkterapeut, kordirigent 936 78 280

Klikk for stort bileteKjetil Andreas Nydal (Musikkterapeut) kjem frå Jølster og har si utdanning frå Griegakademiet i Bergen på femårig integrert masterstudium i musikkterapi. Under utdanninga har han òg blant anna vore med på ein rekke revyar og improteater som musikar og kapellmeister samt musikkansvarleg for ein teaterproduksjon. Musikken er livet, vegen og sanninga for Kjetil, og held på med dette så mykje han kan klare. No tek han over som musikkterapeut i kulturskulen, dirigent i Førde Seniorkor, samt som instruktør i musikkgrupper for vaksne.

Rektor kulturskulen 57 02 12 12 415 05 970

Klikk for stort bileteTrude Skarvatun (trompet) vaks opp i Naustdal og har si utdanning frå Rogaland Musikkonservatorium og Gøteborg Musikkhøgskule. Etter endt utdanning jobba ho som frilansar i Gøteborg, før ho fekk fast jobb ved kulturskulen i Førde. Først som distriktsmusikar, seinare som musikklærar, dirigent, inspektør og sidan 2010 som rektor. Trude tar aktivt del i lokalt musikkliv som musikar i Sogn og Fjordane Symfoniorkester, Jølster Musikklag, Angedalen Brunnssextett, Mrs and the Pitifuls Rhythm'n Bluesband og i Opera Nordfjord sitt orkester ved behov.

Kulturskulelærar slagverk, piano 472 71 067

Klikk for stort bileteDimiter Stoianov (slagverk) kjem frå Bulgaria. Han har utdanning frå Musikkhøgskulen i heimbyen Plovdiv. Han har spelt slagverk i forskjellige band frå 1991-1997. Sidan flytta han til Førde og vart tilsett i Førde kulturskule (no Sunnfjord kulturskule) som piano- og slagverklærar. Dimiter har deltatt i kulturlivet med å spele i korps, kor, symfoniorkester og band, og i dei siste åra har han også vore dirigent i Sande skulemusikk.

Distriktsmusikar hardingfele, kulturskulelærar hardingfele 900 16 334

Klikk for stort bileteHardingfelespelaren Ingrid Schei Stuhaug kjem frå Naustdal, og er musikkutdanna ved Høgskulen i SørØst-Norge avdeling Rauland, samt Høgskulen i Gøteborg. Ingrid har vore aktiv i folkemusikkmiljøet i Sunnfjord i mange år, og har erfaring som solist og som musikalsk leiar i ulike spelemannslag. Ingrid har også jobba fem år som rådgjevar i FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans.  

Kulturskulelærar skapande skriving 976 09 477

Klikk for stort bileteJanne Karin Støylen har arbeidserfaring som omvisar ved Astrup-tunet og Eikaasgalleriet, programansvarleg i Ivar Aasen-tunet og for Dei nynorske festspela. Ho er litteraturformidlar ved Nynorsksenteret, norsklærar i vidaregåande skule og høgskulelektor i lærarutdanninga.

Distriktsmusikar piano, kulturskulelærar piano 451 66 966

Klikk for stort bilete

Noemi er født i Subotica, Serbia og byrja å lære piano på musikkskulen i Subotica. Ho studerte på kunstakademi i Novi Sad, Serbia, ved Franz Liszt musikkakademi i Budapest, Ungarn og ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. I 2016 blei ho ferdig med master i kammermusikk og akkompagnement. Frå 1999 til 2007 vann Noemi sju gongar den Serbiske nasjonalkonkurransen for pianistar og utmerka seg på internasjonale konkurransar i Italia, Belgia og Ungarn. Ho fekk pris frå den kongelege familien Karadordevic for å ha vore den beste studenten. Året 2012/2013 blei Noemi valt som ein av dei beste studentane ved Novi Sad kunstakademi og fekk eit stipend frå Azerbaijan som heiter Uzeyir Hajibeyov. Mellom 2016 og 2019 jobba ho som repetitør på Kuntshøgskolen i Oslo. Sidan 2010 jobba Noemi også som pianolærar. I 2019 fekk ho fast stilling som distriktsmusikar i Sunnfjord kommune.

Distriktsmusikar tverrfløyte, kulturskulelærar tverrfløyte 474 00 942

Klikk for stort bileteHelga starta musikervegen ved Ålesund kulturskole, og studerte sidan ved Det Jyske Musikkonservatorium i Århus, Danmark hjå Thomas Jensen og Lena Kildahl, og ved Det Kongelege Belgiske Konservatorium i Brussel hjå Carlos Bruneel. Ho har spelt på festivalar for ny musikk, og har mange solokonsertar og kammarkonsertar bak seg. Helga kom til Førde i 2003, først som vikar, sidan som fast tilsett distriktsmusikar. Ho er fast solofløytist i Opera Nordfjord.

Distriktsmusikar gitar, kulturskulelærar gitar 474 00 943

Klikk for stort bileteJacob Wyrtz (gitar) er fødd og oppvaksen i Danmark, men har budd i Noreg sidan 2003. Han er utdanna klassisk gitarist frå Det Jyske Musikkonservatorium i Århus og studier hos Alex Garrobè i Spania. Han har i tillegg deltatt på masterclass med nokre av dei fremste gitarister i verda bl.a David Russel, Aniello Desiderio og John Mills. Han har erfaring som sologitarist og kammermusikar og har spelt i tangoorkester og forskjellige rock/blues band. Jacob er medlem i  det lokale rhythm`n`blues bandet Mrs. and the Pitifuls. Han er tilsett som distriktsmusikar i Førde sidan 2008.