Musikkbingen

Musikkbingen er eit øvingslokale som er spesielt tilrettelagt for musikkøving, er lokalisert ved Førde Ungdomsskule og Skrivarløa og vert brukt til utleige og undervisning. 

Det vert høve til å leige øvingstider i Musikkbingen.
Bingen inneheld trommesett, songanlegg, gitar- og bassforsterkarar og keyboard.
Prioritert aldersgruppe er band med medlemmer frå 13-19 år.
Ved ledig kapasitet kan også eldre sleppe til.

Musikkbingen er eigd av Sunnfjord kommune, og blir driven av Sunnfjord kulturskule. 

Brukarvilkår for Musikkbingen:
Alle bandmedlemmer må fylle ut skjema, og kvart band peikar ut ein kontaktperson som vert bindeledd mellom Sunnfjord kommune og bandet. Bandkontaktpersonen vil også vere nøkkelansvarleg og får tilsendt koden til nøkkelboksen når den vert endra.

Kostnad:

Utleige rom

Utleige rom
Prisliste Sunnfjord kulturskule frå 01.01.2024 frå 01.01.2023
Bandbinge utleige ungdom per semester Kr 660,00 Kr 630,00
Bandbinge utleige vaksne per semester Kr 1 300,00 Kr 1 250,00
Leige møte/ kurs/ konferanse per time Kr 900,00 Kr 860,00
Leige sal per dag Kr 2 950,00 Kr 2 800,00
Inntektsgjevande arrangement Kr 4 400,00 Kr 4 200,00
Øvingsrom per dag Kr 1050,00 Kr 1 000,00
Øvingsrom per kveld Kr 540,00 Kr 520,00
Lydstudio per leige Kr 2 200,00 Kr 2 100,00
Betalingssatsane innan kulturskulen er fritatt for MVA

Kostnad er pr person pr ½ år. Dette inkluderer 2,5 time øving pr veke. Ved ledig kapasitet kan banda søke om meir øvingstid. Inntektene går tilbake til drifta av bingen.

For at bingen skal bli ein god øvingsarena for alle brukarar føreset vi følgjande:

  • at alle ryddar etter seg, låser og forlèt lokalet i den stand ein sjølv ønskjer å finne det
  • ingen mat og drikke i musikkbingen
  • musikkbingen er ein rusfri stad
  • for å lette reinhaldet må alle ta av skoa i gangen
  • at andre si øvingstid vert respektert
  • låst dør til lager skal vere låst! Ingen adgang for leigetakarar.
  • ev øydelagt utstyr blir meldt frå om umiddelbart til trude.skarvatun@sunnfjord.kommune.no der det blir opplyst om følgjande: 
    • kva er øydelagt?
    • når har skaden skjedd? og korleis?
    • kven er ansvarleg for at utstyret blei øydelagt? 

Det er erstatningsansvar for øydelagt utstyr ved uforsvarleg bruk.

Søknad øvingstid vaksen 
Søknad øvingstid ungdom

Skriv moglege øvingstider som merknad i søknaden.

Oversikt booka tidsrom:

 

Kontakt ved spørsmål og førespurnad