Søk om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune

Her kan du søke om fast treningstid i idretts- og symjehallane:

  • Skei storhall
  • Jølstrahallen
  • Førdehuset
  • Halbrendhallen
  • Gaularhallen
  • Naustdalshallen

Informasjon om fast treningstid

Sesongen 2022/2023 varer i perioden: 21.08.2023 – 21.06.2024

Treningstid vert tildelt for: Mandag – Fredag (frå kl. 16:00 – 22:00)

Kriterier:

  1. Tildeling av fast treningstid er bindande og føl skuleruta – 38 veker. Treningstid gjeld ikkje i skuleferiar. For å trene i feriar må dette avtalast i god tid (min. 2 veker) før ønska treningstid.
  2. Endringar i tildelt treningstid kan gjerast til og med veke 40.
  3. Oppsigelsestid av tildelt treningstid er 1 mnd. Ut påfølgande månad.

Slik søker du 

  1. Skriv ut skjemaet
  2. Skriv inn all nødvendig informasjon
  3. Send skjemaet tilbake på e-post til: 

     Merk e-post med : Fast treningstid, ( namn på idrettshall) 23/24.

Dersom du treng hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med Inge Larsen eller Hege Andrea Sannerhaugen.

Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Jølstrahallen, Halbrendshallen, og Naustdalshallen) (PDF, 178 kB)

Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Skei storhall) (PDF, 198 kB)

Søknad om tildeling av treningstider i idretts- og symjehall (Førdehuset) (PDF, 201 kB)

Søknadsfrist

  • Søknadsfrist: 1. juni 2023.
  • Sesongen er frå 21.08.2023 – 21.06.2024.
  • Fast treningstid opphøyrer i skulen sine feriar.
  • Oppseiingsfrist: 1 månad

Behandling av søknadene og tildeling av treningstider tar omlag 4 - 6 veker.

Prisar for 2023

Sunnfjord kommune har vedteke at alle kommunen sine idrettshallar skal leigast ut etter følgjande prisoppsett:   

Prisliste

Prisane føl kalenderåret og vil derfor bli indeksjustert kvart år.

  • Prisoppsettet legg til rette for at lag og/eller organisasjonar som nyttar idrettshallen mykje kan inngå i ein dugnad med kommunen for redusert leigepris. 
  • Det er også slik at alle frivillige lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune kan leige til dugnadspris i helgar ved å syte for vakt og ansvarsperson sjølv. Leigetakar skal ha motteke naudsynt opplæring i idrettshallen før leigedato.
  • I vekene vil dugnadsansvaret ligge til fast(e) idrettslag for kvar hall.
  • Kiosk er inkludert i leige av heil hall.
  • Førdehuset er ikkje mogleg å leige med dugnad eller kiosk. Redusert pris for barn og unge (ved trening, ikkje kamp) vil framleis gjelde for Førdehuset. Det er ikkje sett av midlar i økonomiplanen til å utvide dette tilbodet i heile Sunnfjord kommune.

Prosess for tildeling og moglegheit for å klage

Klage på tildelt treningstid må  sendast skriftleg til Sunnfjord kommune  innan 3 veker frå tildeling. Merk med «klage treningstid idrettshall». Klagen vert handsama av einingsleiar for idrett og friluftsliv.

Kontakt

Hege Andrea Sannerhaugen
Driftskoordinator idrettshallar
E-post
Telefon 57 72 61 15
Mobil 46 64 14 96

Kontorstad Førdehuset

Inge Larsen
Idrettskonsulent
E-post
Telefon 57 61 27 63
Mobil 91 55 63 26
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 72 61 14
Mobil 90 65 10 70