Informasjon om anlegget
Skei storhall blei bygd i 2021 og inneheld:
- fotballhall med kunstgrasbane ( kan delast i 4 baner à 49x28m)
- løpebane friidrett
- sosialt rom (med kjøkken / kiosk)
I servicebygget er det 4 garderobar og 2 dommar/trenar-garderobar. Ved leige av full bane (4/4 salar) vil måltavle, lyd- og speakeranlegg, og garderobar være inkludert i leiga.
Opningstider
- Hallen kan leigast kvardagar mellom klokka 16.00–22.00.
- I helg og ferie kan hallen leigast mellom klokka 08.00–22.00, etter avtale.
- Hallen er sommarstengt 4 veker i juli.
Rom som kan leigast
Klatrehallen, Sosialt rom med kjøkken/kiosk, bane 1 - 4, friidrett-løpebaner.
Slik søker du om fast treningstid
Finn søknadsskjema og informasjon om korleis du søker om fast treningstid
Det er høve til å søke på ledig treningstid fortløpande etter 15. august
Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i aktiv kommune. Her vil ein kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.
Leige av idrettshall i Aktiv kommune
Spørsmål?
Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen ved behov for hjelp til utfylling av skjema.
Meir informasjon finn du på sida: Søknad om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune