Informasjon om anlegget
Naustdalshallen ligg ved Naustdal skule.
Idrettshallen i Naustdal stod ferdig i 2000 og er ein fleirbrukshall med eit bruttoareal på 1603 kvm. Hallen inneheld:
- Fleirbrukshall
- Scene (nedfellbar)
- Kiosk
- Vektløftarhall*
I hallen er det 4 garderobar, 2 dommargarderobar, og ei tribune. Idrettshallen er 20*40 meter og kan delast inn i 3 salar.
I tillegg til idrett, blir denne hallen brukt til ein del større arrangement.
* Vektløftarhallen er drifta av vektløftargruppa i Tambarskjelvar Idrettslag. Kontaktinformasjon finn du her: Tambarskjelvar Vektløfting | Facebook
Opningstider
Naustdalshallen kan leigast på kvardagar mellom klokka 16.00–22.00.
I helg og ferie er hallen tilgjengelig for leige mellom klokka 08.00–22.00, etter avtale.
Hallen er sommarstengt 4 veker i juli.
Slik søker du om fast treningstid
- Last ned skjemaet under til din pc
- Skriv inn all nødvendig informasjon
- Send skjemaet tilbake på e-post til hege.andrea.sannerhaugen@sunnfjord.kommune.no
Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Jølstrahallen, Halbrendshallen, Gaularhallen og Naustdalshallen) (PDF, 195 kB)
Søknadsfrist
- Søknadsfrist: 1. juni
- Sesongen er frå 15. august til 20. juni.
- Fast treningstid opphøyrer i skulen sine feriar.
- Oppseiingsfrist: 1 månad
Det er høve til å søke på ledig treningstid fortløpande etter 15. august
Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i aktiv kommune. Her vil ein kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.
Søk om treningstid i Aktiv Kommune
Spørsmål?
Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen ved behov for hjelp til utfylling av skjema.
Meir informasjon finn du på sida: Søknad om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune