Informasjon om anlegget
Jølstrahallen blei ferdigstilt hausten 2020 og er ein fleirbrukshall på 2 000 kvm.
I Jølstrahallen finn du:
- idrettshall (kan delast i tre salar)
- buldrerom
- styrkerom
- klubb-/møte-/øvingsrom
- kjøkken, tribune, garderobar og speaker-rom.
Idrettshallen på 25x45 meter har sportsdekke, ei takhøgd på 9 meter og eige speaker-rom oppe ved tribua. Tribuna har en kapasitet på 90 tilskodarar.
Opningstider
Jølstrahallen kan leigast på kvardagar mellom klokka 16.00–22.00.
I helg og ferie er hallen tilgjengelig for leige mellom klokka 08.00–22.00, etter avtale.
Hallen er sommarstengt 4 veker i juli.
Slik søker du om fast treningstid
Finn søknadsskjema og informasjon om korleis du søker om fast treningstid
Det er høve til å søke på ledig treningstid fortløpande etter 15. august
Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i aktiv kommune. Her vil ein kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.
Leige av idrettshall i Aktiv kommune
Spørsmål?
Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen ved behov for hjelp til utfylling av skjema.:
Meir informasjon finn du på sida: Søknad om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune