Halbrendshallen

Informasjon om anlegget

Halbrendshallen blei ferdigstilt i 2021, og er ein idrettshall på 20x40 meter, som kan delast inn i 3 salar.
Hallen har sportsdekke og har ei takhøgd på ca. 9,1 meter. Idrettshallen er på ca. 1100 m2. Det er eit sett  jente- og gutegarderobar og 2 stk. dommargarderobar.

Ved leige av hall til håndball (20x40m) og Volleyball (9x18m), må alle tre salane bestillast.

Utstyr tilgjengeleg i hallen er: 

  • 1 sett innebandyvant på tralle
  • 6 stk. minimål
  • 2 stk. håndballmål m/ innfesting
  • 3 sett nett og nettoppsett for volleyball
  • 3 stk. bordtavle for volleyball
  • 3 stk. dommarstol for volleyball
  • 1 stk. resultattavle/scoringsanlegg med matchur.

Opningstider

Halbrendhallen kan leigast på kvardagar mellom klokka 16.00–22.00.
I helg og ferie er hallen tilgjengeleg for leige mellom klokka 08.00–22.00, etter avtale.
Hallen er sommarstengt i 4 veker i juli.

Slik søker du om fast treningstid

  1. Last ned skjemaet under til din pc
  2. Skriv inn all nødvendig informasjon
  3. Send skjemaet tilbake på e-post til hege.andrea.sannerhaugen@sunnfjord.kommune.no

Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Jølstrahallen, Halbrendshallen, Gaularhallen og Naustdalshallen) (PDF, 195 kB)

Søknadsfrist

  • Søknadsfrist: 1. juni
  • Sesongen er frå 15. august til 20. juni.
  • Fast treningstid opphøyrer i skulen sine feriar.
  • Oppseiingsfrist: 1 månad

Det er høve til å søke på ledig treningstid fortløpande etter 15. august

Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i aktiv kommune. Her vil ein  kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.

Søk om treningstid i Aktiv Kommune

Spørsmål?

Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen ved behov for hjelp til utfylling av skjema.

Meir informasjon finn du på sida: Søknad om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune

Kontakt

Hege Andrea Sannerhaugen
Driftskoordinator idrettshallar
E-post
Telefon 57 72 61 15
Mobil 46 64 14 96

Kontorstad Førdehuset

Adresse

Besøksadresse
Liavegen 35
6814 Førde