Våpenskjoldet til Audun Hugleiksson

Våpenskjold Audun Hugeiksson, illustrasjon av Kristin Gjelsvik, Vookal - Klikk for stort bilete

I våpenskjoldet han bar finst roser og liljer som kviskrar om slektsskap til kongsætter med røter i Ardenne i Belgia og Semur i Frankrike. Ser vi nærare etter har rosa fem blad. Liljene vender vekselvis innover og utover. Ei slik dobbel liljebord finn vi i det skotske kongeflagget og mykje seinare i kommunevåpenet til Jølster kommune.

Lilja er eit symbol fruktbarheit, styrke, truskap, uskuld og håp.


Til jubileet vert det utvikla eigne emblem og dekorelement for markeringa i Sunnfjord som går i dialog med den nasjonale profilen for jubileet: 
Emblemet bestå av ei samanfletting av bokstavene A og H med slanke og stilfulle seriffar. Samansmeltinga av bokstavene gir ei kjensle av einheit og harmoni. 
Avslutninga på bokstavane er forma som ei stilisert lilje ogemblemet utstrålar ei kjensle av høgtid som saman med fargevalet formidlar verdigheit og rettferdigheit.