Oskar Andersen
Audun Hugleikson var fødd på Hegrenes kring 1240. Han fekk god opplæring, først av ein huslærar heime på garden og seinare på hirdskulen til kong Håkon i Bjørgvin. Truleg var Audun mellom få menn som første landslova i pennen.Sjølv vart han ikkje verna av lova han skreiv. I 1302 vart Audun Hugleikson avretta på Nordnes i Bergen. Eit djupt fall. Ei stor gåte. Kva hende med guten som ein gong gav hestane så god mat at han fekk tilnamnet Audun Hestakorn?
I våpenskjoldet han bar finst roser og liljer som kviskrar om slektsskap til kongsætter med røter i Ardenne i Belgia og Semur i Frankrike. Ser vi nærare etter har rosa fem blad. Liljene vender vekselvis innover og utover. Ei slik dobbel liljebord finn vi i det skotske kongeflagget og mykje seinare i kommunevåpenet til Jølster kommune.
Sist endra 14.11.2024 08.34