Målgruppa (18-69år) er du som står i fare for å utvikle livsstilssjukdom, eller som alt har utvikla sjukdom, og treng oppfølging av helsepersonell til å endre levevanar og meistre sjukdom.
Fokusområda våre er fysisk aktivitet, sosiale møtepunkt, døgnrytme og søvn.
Vekeplan Friskliv Sunnfjord
Målet med tilbodet er betre helse gjennom gode levevaner
Endring av vaner er utfordrande og krev systematisk innsats over tid. Frisklivssentralen vil vere ei starthjelp, og bidra med kunnskap og støtte for at du skal lukkast.
Oppfølgingstilbodet er samansett av individuell samtale, rettleiing og kurstilbod, gruppetrening og aktivitetstilbod.
Deltakar og rettleiar vil i samarbeid lage ein plan for perioden.
Kva kostar tilbodet
Du vil få ein frisklivsresept som varer i opptil 12 mnd. gratis. Deretter vil det koste deg 100,- mnd. for å kunne delta på aktivitetane våre vidare.
Korleis få tilbodet
Du kan få tilvising til Frisklivssentralen gjennom lege, NAV eller anna helsepersonell. Du kan også ta kontakt på eige initiativ og tinge time – ring eller send e-post til Frisklivskoordinator Camilla Søvig.