Sunnfjord kommune

Omsorgsbustad Sunnfjord kommune

Omsorgsbustad Sunnfjord kommune

Omsorgsbustadar er tilrettelagt til deg som på grunn av sjukdom, alder eller funksjonshemming har vanskar  med å bu i vanleg bustad. Omsorgsbustaden  er din eigen heim, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold. 

Kven kan få tilbod om omsorgsbustad?

  • Du må vere over 18 år, og vere folkeregistrert i Sunnfjord kommune. 
  • Du må ha ein helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma.
  • Din noverande bustad må vere lite funksjonell, og gi lite rom for utnytting av dine ressursar til eigenomsorg.
  • Noverande bustad kan i liten grad tilpassast.
  • Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsette behov for sjukeheimsplass, og gi deg auka sjølvstende i kvardagen.
  • Omsorgsbehovet ditt må vere av varig karakter.
  • Søkar med moderat funksjonssvikt kan få tildelt bustad for å førebygge aukande funksjonssvikt.
  • Omsorgsbustad kan bli tildelt som ein mellombels løysing, dersom dette kan betre  funksjonsevna slik at du kan flytte tilbake til eigen bustad seinare.

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om omsorgsbustad:

Søk om helse- og omsorgstenester (PDF, 600 kB)

Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande

Kva kostar det? 

Kor lang tid tek det å behandle søknaden? 

  • Saksbehandlingstida er 21 dagar / tre veker. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Ring tildelingseininga på telefon 57 72 20 00 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden? 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester (legge til lenke til samleside med klagerettinformasjon).  

Tenestestandard og lover

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00