Bruk av video i heimeoppfølgingSunnfjord kommune har gjennomført prosjekt om bruk av video knytt til sårbehandling og utskrivingar frå psykisk helsevern. Det er tenester som er etterspurt frå fleire brukarorganisasjonar, der utgangspunktet har vore å spare pasientar for lang reisetid til/frå sjukehus/behandlingstad. Tenestene inneber bruk av 3-parts video der både pasient/brukar/pårørande, kommune og sjukehus har avtalte videomøter, der alle partane møtast samstundes. Prosjekta inngår som del av nasjonale arbeid om digital heimeoppfølging, og er gjennomført lokalt her i fleire kommunar saman med sjukehus, både i Helse Førde-området og Helse Fonna-området.Det ligg no føre delrapportar for kvar av desse områda - ein for sårbehandling, og ein for utskrivingar frå psykisk helsevern. Tenestene er tilgjengelege, men er relativt lite kjent og i bruk. Tilbakemeldingar frå pasientar er at dei er godt fornøgde. Men det er utfordringar knytt til å førebu slike konsultasjonar og avtale tid for alle partane til å kunne samlast. Vi håper rapportane kan bidra til å auke bruk av slike videokonsultasjonar, både på desse områda og andre område. Sluttrapport - bruk av video i sårbehandling (PDF, 450 kB)Sluttrapport - video ved utskrivingar psykisk helsevern (PDF, 478 kB) Sist endra 03.02.2025 07.25