Vanskar med å få eller bytte fastlege

Som innbyggar i kommunen har du rett på fastlege. Det er ei aukande utfordring med fastlegedekkinga i mange kommunar. Vi merkar og dette i Sunnfjord kommune.

Det er per 1. juni 2023 ca 110 ledige plasser hos våre fastlegar. Dei ledige plassane er per no lokalisert til legekontora i Naustdal og på Skei. Det er ikkje ledige plassar på Sande eller i Førde. Det vert arbeidd med å betre denne situasjonen, med eit klart mål om ledige pasientplassar ved alle legekontora våre.

Om du ikkje har fastlege, tilrår vi deg å nytte av dei ledige plassane som er tilgjengelege. Uavhengig av om du har fastlege eller ikkje, har du uansett rett til akutt legehjelp i den kommunen du oppheld deg. På dagtid tar du direkte kontakt med legekontoret som er nærast deg. Utanom vanleg arbeidstid ringer du legevaktsentralen 116 117. Er det fare for liv eller akutt alvorlege skadar/sjukdom, skal du ringe 113.