Korona og influensavaksine

Sunnfjord kommune mottek årets influensavaksine (for risikogruppene) og den oppdaterte koronavaksina Comirnaty Omicron XBB.1.5 frå Pfizer i veke 42. Korona og influensavaksine kan takast samtidig. Ved samvaksinering settast vaksinene i kvar sin arm. 

FHI anbefaler følgande grupper å ta ei oppfriskingsdose:

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar 
    Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Born 6 månadar-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig
  • Gravide i 2. og 3. trimester 

Du finn meir utfyllande vaksineinformasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider

Vaksinasjonstilbod Sunnfjord kommune:

 Førde: Vaksinasjon ved Førde legesenter

Bestill vaksinasjonstime ved Førde legesenter

Dersom du ikkje får bestilt time på nett, kan du send e-post til vaksinasjon@sunnfjord.kommune.no Det same gjeld om du vil avbestille timen du har fått.


Vaksinasjon ved Naustdal, Sande og Jølster legekontor:

Det vert sett av tid for vaksinasjon på dagtid der du får tildelt time via våre medarbeidarar.

Pris:

  • Koronavaksine-gratis
  • Influensavaksine ved legekontor på dagtid kr. 161,- (ved frikort kr. 100,-)

Dersom du har time hos fastlege i aktuell periode kan du få influensavaksine ved denne konsultasjonen.