Koordinerande eining

Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett faggruppe som skal sikre din rett til koordinator, barnekoordinator og individuell plan innan helse og omsorgstenester.
I Sunnfjord kommune er koordinerande eining delt i to team:

  • Koordinerande team for vaksne
  • Koordinerande team for barn og unge (0 – 23 år) 
     

Om koordinerande eining

Dame med headset illustrasjon - Klikk for stort bilete

Kva er ein koordinator?

Ein koordinator er ein tenesteytar som hjelp deg i møte med hjelpeapparatet.

Koordinatoren skal sørge for 

  • at du blir følgt opp 
  • at tenestetilbodet ditt blir samordna 
  • framdrift i arbeidet med individuell plan
  •  samarbeid og kontakt med aktuelle tenester
  • koordinering gjennom ansvarsgruppemøter
     

Ein koordinator er ikkje ei ny teneste som utløyser fleire ressursar, men er ei rolle som er lagt til ein tenesteutøvar som allereie er inne i apparatet rundt deg. Du kan sjølv foreslå kven du ønskjer som koordinator.

Informasjonsfilm om rettleiar for oppfølging av personer med store og samansette behov frå Helsedirektoratet
 

 

Tre barn som spring illustrasjon - Klikk for stort bilete

Slik søkjer du om koordinator, barnekoordinator eller individuell plan 

Du kan sende inn digitalt skjema eller papirskjema


Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt.

Søknaden blir behandla av tildelingseininga i Sunnfjord kommune. 
 

Det kan du klage på 

  • at du ikkje får utarbeidd ein individuell plan
  • at du ikkje har fått være med på å utforme planen eller
  • at planen ikkje blir følgt opp 


Klagen sender du til tildelingseininga i kommunen.

 Dersom klagen ikkje takast til følge vert den vidaresendt til Statsforvaltaren i Vestland. 
 

 

Illustrasjon som viser folkemengde - Klikk for stort bilete

Kontakt

Profilbilde av Liv Janne Bell Jonstad
Liv Janne Bell Jonstad
Einingsleiar Fagutvikling
E-post
Telefon 57 61 26 59
Mobil 90 98 00 67