Jordmor og svangerskapskontroll

Ta tidleg kontakt om du er gravid

Ta kontakt med jordmor eller fastlegen din om du er gravid. Svangerskapsomsorga er eit gratis tilbod til alle gravide om kontrollar gjennom heile svangerskapet. Målet er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for babyen og for deg som skal bli mor. 

Skal du velje jordmor eller fastlege?

Du kan velje om du vil ha oppfølging av jordmor eller av fastlege i svangerskapet. Du kan òg velje både lege og jordmor. 

Frå 1. mai 2024 har gravide tilbod om gratis kikhostevaksine

Kurs for komande førstegongsforeldre 2024 og 2025

  • Stad: Sunnfjord rådhus, Sunnfjordsalen i 4.etasje
  • Påmelding hos jordmor eller via ekspedisjonen på telefon nummer 57 72 21 30

Helsestasjonar i Sunnfjord kommune

Dette skal du ta med på kontroll

Kvar gong du skal på kontroll, skal du ta med

  • urinprøve (teken om morgonen same dag som du skal til kontroll)
  • helsekortet ditt (som du får på den første svangerskapskontrollen)

Etter fødsel

Når barnet er født har de tilbod om vidare oppfølging på helsestasjonen for barn 0–5 år.

Vil du vite meir?

Her finn du brosjyrer og lenker til nyttige og trygge nettstadar. 

Kontakt

Ekspedisjon helsestasjon
Telefon 57 72 21 30

Ta kontakt via Helsenorge.no