Lokaliseringteknologi inneberer at du får ein GPS-einhet som du har med deg på tur. Ein app med eit kart kan nyttast på PC, nettbrett eller smarttelefon for å sjå kvar du befinner deg. Ved oppstart av tenesta avtales det med deg og eventuelt dine pårørande om det skal gjerast søk i kartet til bestemte tidspunkt eller i visse situasjonar. Det vert gitt opplæring i bruk av teknologien. Viss du ønsker det kan også dine pårørande vere ein del av tenesta ved å for eksempel motta varsel og vere den som møter deg og hjelper deg heim viss du har behov for det.
Slik brukar du lokaliseringsteknologi:
- Du vil få ein GPS eining som du har med deg.
- Helsepersonell og/eller pårørande kan sjå kvar du er i ein app på PC, nettbrett eller smarttelefon.
- Vi kan sette opp eit elektronisk gjerde for eit området på kartet, til dømes bort til naboen. Dersom du går utanfor dette elektroniske gjerde vil helsepersonell eller pårørande få eit varsel om at du har flytta deg, og dei kan sjekke kvar du er.
Ved oppstart avtalar vi med deg og eventuelt dine pårørande om vi skal gjere søk i kartet til bestemte tidspunkt eller visse situasjonar.
Kven passar tenesta for?
Personar med orienteringsvanskar som ønsker å bevege seg ute.
Før GPS kan tildelast må ei vurdere:
- Samtykkekompetanse
- Trafikksikkerheit
- Funksjonsnivå, vaner og rutinar
Viktig å tenke på:
- Korleis sikre at GPSen blir med ut på tur?
- Korleis skrike at GPSen lades?
GPS må ladast. Batterikapasiteten på GPS blir påverka av kor mykje den blir brukt. Viss den blir brukt mykje må det lades oftare. Hovudregelen er at den bør lades kvar kveld. Du kan få hjelp med å lade GPS viss du har behov for dette.
Har kommunen lov til å nytte GPS?
Før tenesta kan takast i bruk må det vurderast om personen kan samtykke til å ta imot tenesta. Med samtykkekompetanse meinast det at personen må vere i stand til å forstå kva han eller ho seier ja til.
Ved manglande samtykkekompetanse må det vurderast om det er hjemmel i lovverket for å ta i bruk teknologien. Vurderinga skal begrunnast og dokumenterast i pasientjournalen. Kartlegginga utførast av helsepersonell i samarbeid med lege og eventuelt pårørande.