Sunnfjord kommune

Middagslevering

Middagslevering

Middagslevering skal vere hjelp til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag.

Kven kan få middagslevering?

Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre grunnar ikkje kan lage middag sjølv, kan søke om å få middagslevering. 

Kva tilbyr vi?

  • Middagen vert laga av sjukeheimskjøkkenet og levert ut dagleg.
  • Middagen er variert og næringsrik.
  • Diettmat vert levert dersom det er medisinske grunnar til det. 

Du må forplikte deg til faste leveringsdagar. Skulle det likevel vere endringar melder du frå innan faste fristar. 

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om middagslevering: 

Søk om middagslevering

Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2020 kostar det 95 kroner per middag. Faktura vert sendt ut kvar månad.

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden og vurderer behovet for middagslevering.  
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi ei skriftleg melding om grunnen til det. 

For spørsmål om søknaden, ta kontakt med 

  • Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00, kvardagar kl. 09.00–15.00. 

Ring den lokale heimetenesta om du har andre spørsmål: 

  • Førde heimeteneste: 57 02 12 70 
  • Naustdal heimeteneste: 957 34 751 
  • Sande heimeteneste: 970 54 102
  • Vassenden heimeteneste: 992 02 694
  • Skei heimeteneste: 992 02 690

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester (legge til lenke til samleside med klagerettinformasjon).  

Tenestestandard og lover

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00