Middagslevering

Middagslevering skal vere hjelp til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag.

Kven kan få middagslevering?

Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre grunnar ikkje kan lage middag sjølv, kan søke om å få middagslevering. 

Kva tilbyr vi?

  • Middagen vert laga av sjukeheimskjøkkenet og levert ut dagleg.
  • Middagen er variert og næringsrik.
  • Diettmat vert levert dersom det er medisinske grunnar til det. 

Du må forplikte deg til faste leveringsdagar. Skulle det likevel vere endringar melder du frå innan faste fristar. 

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om middagslevering: 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om middagslevering papirskjema 

Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Kva kostar det?

Faktura vert sendt ut kvar månad.

Betalingssatsar middagslevering

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Det er tildelingseininga som behandlar søknaden din.
  • Dei kan ta kontakt med deg for å kartlegg ditt hjelpebehov. Det kan bli nødvendig å avtale eit heimebesøk.
  • Tildelingseininga sender eit vedtak til deg etter at saka er behandla. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan tre veker, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

For spørsmål om søknaden, ta kontakt med 

  • Tenestetorga på telefon 57 72 20 00, kvardagar kl. 09.00–15.00. 

Ring den lokale heimetenesta om du har andre spørsmål: 

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. 

Tenestestandard og lover