Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng hjelp for å greie praktiske gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. Du må betale for heimehjelp. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC.
  • Hjelp til vask av kle i vaskemaskin.
  • Skifte av sengekle.
  • Hjelp til å handle inn nødvendige daglegvarer. Handling vert som hovudregel utført ein gong per veke. Vi oppmodar om å nytte e-handel der det er mogleg. 

Du må sjølv skaffe reinhaldsutstyr og vaskemiddel etter liste frå heimetenesta. 

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om heimehjelp:

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema

Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Kva kostar det?

Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for heimehjelp. 

Betalingssatsar heimehjelp

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Det er tildelingseininga som behandlar søknaden din.
  • Dei kan ta kontakt med deg for å kartlegg ditt hjelpebehov. Det kan bli nødvendig å avtale eit heimebesøk.
  • Tildelingseininga sender eit vedtak til deg etter at saka er behandla. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan tre veker, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

Dersom du treng meir informasjon

  • Ring tildelingseininga  kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.
  • Sentralbordet til Sunnfjord kommune 57 72 20 00

Ring den lokale heimetenesta om du har andre spørsmål: 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. 

Tenestestandard, forskrift og lover