Vi har eige kvardagsrehabiliteringsteam i Førde. I andre delar av kommunen kan det og vere høve til å få liknande oppfølging, men då organisert som eit mellombels samarbeid mellom lokal fysioterapeut/ergoterapeut og lokal heimeteneste.
Kven kan få tilbodet?
Personar som har hatt eit funksjonsfall og har utfordringar med kvardagslege gjeremål som ein er motivert for å trene opp igjen.
Slik søker du
Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om kvardagsmesting. I søknadsskjema skriv du om dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng.
Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk
Søknadskjema for hele og omsorgstjenester papirskjema
Kva kostar det?
Tilbodet om hjelp til kvardagsrehabilitering er gratis.
Kva kan du forvente av oss?
Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiarar og heimetrenarar, som i samarbeid med deg kan bidra til at du kan nå dine mål. Vi kjem heim til deg i ein tidsavgrensa periode, og vil hjelpe deg til å trene på dei aktivitetane du synest er viktig å meistre i kvardagen din. Døme på mål kan vere:
- kle på deg sjølv
- klare å gå i trapp
- klare å dusje/ stelle seg sjølv
- meistre å handle sjølv
- gå tur utandørs
- delta på sosiale aktivitetar
- meistre husarbeid
- hente posten
- stelle i hagen
Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?
Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale.
Søknaden vert behandla så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi ei skriftleg melding om grunnen til det.
Kva forventar vi av deg?
Vi forventar at du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogleg grad på nytt kan bli sjølvhjelpen i eige liv og bu heime.
Har du spørsmål?
For spørsmål om tilbodet kvardagsmeistring kan du ta kontakt med:
Kan du klage på vedtaket?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren som siste klageinstans.
Tenestestandard og lover