Kven kan få tilbodet?
Menneske i alle aldersgrupper, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar har vanskar med å meistre eigen kvardag.
Korleis får vi tilbodet?
Ved å ta kontakt med tenesta på telefon, eller ved å henvende seg direkte på besøksstad. Vi tek også i mot tilmeldingar frå fastlegar, sjukehus og andre. E-post kan også brukast for å få kontakt, men hugs at det ikkje må sendast sensitiv informasjon på e-post.
Kva tenestetilbod har vi?
Vi tilbyr ulike formar for oppfølging av ergoterapeut, mellom anna:
- Treningsgruppe for menneske med handartrose
- Rehabilitering og anna oppfølging i institusjon
- Heimerehabilitering
- Førebyggande heimebesøk
- Vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel
- Bustadrådgjeving
- Kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering
Kontaktinformasjon:
Vi held til på fire ulike stader i Sunnfjord kommune, sjå liste over alle ergoterapeutane under. Dersom du treng oppfølging, må du ta kontakt med den arbeidsstaden som er nærast der du bur.
Eining fysio/ergoterapi har følgande hovudnr: 57 72 20 02.
- Ergoterapi Førde: Besøksadresse: Langebruvegen 34, 6800 Førde; Telefon: 57 72 60 60
- Ergoterapi Naustdal: Besøksadresse: Naustdal sjukeheim, Ospeteigen 18, 6717 Naustdal; Telefon: 57 81 60 39
- Ergoterapi Sande: Besøksadresse: Gaular bygde- og sjukeheim, 6973 Sande i Sunnfjord; Telefon: 57 71 82 60
- Ergoterapi Skei: Besøksadresse: Kommunehuset på Skei, 6843 Skei; Telefon: 57 72 61 96
Ved skriftlege henvendingar:
Ergoterapeutar i Sunnfjord kommune
Kva kostar det?
Det vert ikkje kravd eigenbetaling for ergoterapitenester.
Kan du klage på tilbodet?
Du kan klage på alle helse- og omsorgstenester. Les meir om korleis du kan klage på helse. og omsorgstenester (legg inn lenke her til ei standardside for klage).
Ta kontakt med servicetorget om du treng hjelp til å klage. Klage kan du sende til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.