Kvardagsmeistring

Kvardagsmeistring er for deg som ikkje lenger meistrar eigen kvardag på same måte som før, og som har eit ønske om å meistre daglege gjeremål på ein betre måte. Kvardagsmeistring er eit tidsavgrensa og tverrfagleg tilbod, der vi legg vekt på trening i daglege gjeremål i eigen heim.

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit særleg stort hjelpebehov på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. 

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om kvardagsmesting. I søknadsskjema skriv du om dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng. 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søknadskjema for hele og omsorgstjenester papirskjema 

Kva kostar det?

Tilbodet om hjelp til kvardagsmeistring er gratis. 

Kva kan du forvente av oss?

Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiarar og heimetrenarar, som i samarbeid med deg kan bidra til at du kan nå dine mål. Vi kjem heim til deg, og vi vil hjelpe deg til å trene på dei aktivitetane du synest er viktig å meistre i kvardagen din. For å oppnå dette arbeider vi intensivt saman med deg i ein tidsavgrensa periode. Døme på daglege gjeremål:

  • påkledning
  • trappegange
  • dusj/personleg hygiene
  • handling av varer
  • utandørs gange
  • deltaking i sosiale aktivitetar
  • husarbeid
  • hente posten
  • stelle i hagen

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi ei skriftleg melding om grunnen til det. 
  • Dersom du får heimesjukepleie vil du etter tre månader ha rett på gratis tannhelseteneste. Dersom det oppstår ein akutt situasjon kan du få gratis tannhelseteneste før tre månader er gått.

Kva forventar vi av deg?

Vi forventar at du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogleg grad på nytt kan bli sjølvhjelpen i eige liv.

Har du spørsmål?

For spørsmål om tilbodet kvardagsmeistring kan du ta kontakt med:

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester (legge til lenke til samleside for klageinformasjon). 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans. 

Tenestestandard og lover