Dagtilbod for eldre og personar med demenssjukdom

Dagtilbod gjeld for heimebuande eldre. Her får du høve til å delta i eit fellesskap, og fylle behovet for sosialisering og aktivitet. 

Kven kan få tilbodet?

Dagsenter er eit tilbod til eldre og menneske med demenssjukdom. Her får du frukost, middag, ettermiddagskaffi, trim og andre aktivitetar og sosialt samvær. 

Vårt mål er å

  • gi tilbod om aktivitetar
  • bryte einsemd og etablere kontakt
  • gi avlasting til pårørande
  • lage eit miljø der tryggleik og glede står i fokus
  • skape kontakt mellom dei som bur heime og dei som bur på institusjonen

Dagtilbod for eldre i Sunnfjord kommune

Kva kostar det?

  • Pris per dag: 252 kroner, då er mat og eventuell transport inkludert. 

Tilbodet gjennom frivillige i Naustdal og Jølster har eigne prisar, og ein treng ikkje søke. 

Slik søker du 

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om dagtilbod. 

Søk om dagtilbod elektronisk skjema

Søk om dagtilbod papirskjema 

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine behov for hjelp. Deretter vert det gjort eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom vi ikkje kan avgjere søknaden innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

  • Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden. 
  • Førde: Assisterande einingsleiar for dagtilbod for eldre, Turid  Anita Viken
  • Førde: Ansvarleg drift Veglo 5, dagtilbod til eldre med demenssjukdom Bente Lofnes 
  • Skei: Silje Eide, telefon 47 68 85 70
  • Sande: Camilla Grepstad Karlsen, telefon 47 68 97 87
  • Demenstelefonen i Førde: 41 45 20 66
  • Nasjonalforeninga for Folkehelse har ein informajsons- og rådgivingstelefon: Demenslinja 23 12 00 40

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden? 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. 

Tenestestandard og lover