Registrering av flyktningar

Registrere søknad om beskyttelse

Frå 1. januar 2024 skal alle som vil søke om beskyttelse i Norge, og treng ein stad å bu, registrere søknaden sin ved  Nasjonalt ankomstsenter ved Råde (NAS).  Du må reise dit sjølv, og betale for reisa. På Nasjonalt ankomstsenter tar du kontakt med politiet, som hjelper deg videre.

Politiet i dei ulike politidistrikta kan registrere deg som asylsøker, men Nasjonalt ankomstsenter er den einaste staden som både registrerer deg som asylsøker, registrerer søknaden din om beskyttelse og sender den til Utlendingsdirektoratet (UDI) for behandling. Ankomstsenteret er også den einaste staden som tilbyr deg innkvartering under registreringa.

Det er nokre unntak dersom:

  • du er under 18 år og kjem aleine til Norge (enslig mindreårig).
  • du er i ein spesielt sårbar situasjon.
  • det er fare for livet og helsa di.

Gjelder dette deg, vil politiet organisere transport for deg til Nasjonalt ankomstsenter.

Tilbod om å bu i asylmottak

Dersom du treng ein stad å bu etter at du er ferdig registrert på Nasjonalt ankomstsenter, og medan du ventar på at søknaden din om beskyttelse skal bli behandla, får du tilbod om plass på et asylmottak ein anna stad i landet. Du vil få beskjed om kvar du skal og kva tid du skal reise. Reisa til asylmottaket er organisert og betalt av ankomstsenteret.

Bu privat før og etter registrering

Dersom du bur privat og skal halde fram med det, kan du registrere søknaden om beskyttelse ved ein av dei andre registreringsstane. Dersom du seinare ønsker plass i eit asylmottak, må du først reise til Nasjonalt ankomstsenter.

Er du alt kome til Sunnfjord?

Om du alt er i Sunnfjord, kan du registrere deg ved Førde politistasjon. Informasjon om framgangsmåte og opningstider, sjå under Vest politidistrikt.

Registreringa i Førde må skje på dagtid mandag til fredag 09:00-15:00. Her er det ikkje tilbod om ein stad å bu i samband med registreringa. 

Informasjon om registrering i Vest politidistrikt

Registrering av flyktningar hos kommunen

Etter du har registrert deg hos politiet, må du registrere deg hos Sunnfjord kommune. Dette skal du gjere hos Vaksenopplæring og integrering som har ope for registrering tirsdag og torsdag mellom 12:00-14:00.

Adresse: Sanderplassen 1 (Berge og Co-bygget 3.etg) 

Telefonnummer: 57 72 10 30

Skal du hente ukrainske flyktningar?

De som køyrer ukrainske flyktningar til Norge, må melde frå til Politiets utlendingsenhet per e-post pu.desken@politiet.no eller telefon 22 80 66 00 før de kjem til Norge.