Hjelp flyktningar i Sunnfjord

Kan du hjelpe til med noko av dette? - Klikk for stort bilete

Sunnfjord kommune førebur seg på å ta imot flyktningar. Mange av tenestene i kommunen vert berørte og dei samarbeider no for å ruste seg til å ta imot dei som kjem. Vi samarbeider også med politiet og  Røde Kors for å gje dei som kjem ei god mottaking. 

Bustader

Kommunen har behov for utleigebustader til flyktninger, særskilt 2-roms og 3-roms.

Har du ein utleigebustad, kan du registrere dette i skjema under.

Registrer utleigebustad

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

Kva kan du hjelpe oss med?

Det vil komme mange flyktningar til kommunen vår i nær framtid. Kva tid og kor mange som kjem samstundes er usikkert, men vi ønsker å få ei oversikt over frivillige som kan hjelpe med ulike oppgåver. Det er uforpliktande å melde seg som hjelpar, du vil verte kontakta ved behov og det er forståeleg at det kanskje ikkje alltid vil passe.

Registreringsskjema

Snakkar du ukrainsk eller russisk?

Sunnfjord kommune vil ha behov for folk som snakker ukrainsk eller russisk og som kan bidra når kommunen skal motta og busette flyktningar frå Ukraina.

Snakker du ukrainsk eller russisk og kan tenke deg å hjelpe oss med dette, så ber vi om at du fyller ut skjemaet under.  Innmeldinga er ikkje bindande for deg eller for oss. Vi tar kontakt med deg om/når det er aktuelt.  

Registreringsskjema

Utstyr

Mange har kontakta oss om utstyr dei ynskjer gi til flyktningane.

Vi har laga eit skjem der du kan melde inn kva utstyr du har. Kapasiteten til kva vi kan ta imot er avgrensa, så vi plukkar ut dei tinga som trengst konkret til dei personane som kjem.

Vi kontaktar deg innen 14 dager, om det er aktuelt og nytte seg av dei tinga du har registrert i skjema.

Registreringsskjema

Har du ukrainske bøker?

Du kan levere bøkene i skranken hos alle biblioteka i Sunnfjord. 

Sunnfjord biblioteket sine sider