Skulefritidsordninga (SFO) ved Viksdalen skule

Her finn de kontaktinformasjon og opningstider for SFO.

Kontaktinformasjon og opningstider Viksdalen SFO

SFO-leiar Ingunn Sigrid Vikum Viken

Opningstider

Etter behov og avtale med skulen og barnehagen

SFO er lokalisert i barnehagen. 

Påmelding til SFO

Du søker på felles opptak i Sunnfjord kommune. Hovudsøknadsfristen er 1. april, men det er mogleg å søke om plass heile året.  

Søk om SFO-plass 

Informasjon om sfo-tilbod og prisar

Oppseiing av SFO-tilbod

Oppseiingsfristen er ein månad. Du må logge inn via Visma Flyt Skule for å seie opp plassen. Seier du opp før den 1. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. i påfølgande månad. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 31. mars. 

Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.

Endre eller sei opp plass i Visma Flyt Skule

Påmelding til SFO i feriar

De får påmeldingsskjema til SFO i feriar via Visma. Der vil det stå både søknadsfrist og kva dagar de kan vere på SFO i feriane.

Gratis SFO for 1. , 2. og 3. klasse

Det er innført inntil 12 timar gratis SFO for alle i 1. ,2.  og 3. klasse. Kontakt SFO-leiar dersom de ønskjer å nytte tilbodet.

Born med særskilde behov

Barn med særskilde behov kan ha rett på SFO frå 5.-7.trinn. Dette tilbodet er gratis. For barn i 5.–7. klasse med særskilte behov, må du legge fram sakkunnig vurdering. 

Lov og vedtekter som gjeld SFO 

Vedtekter SFO i Sunnfjord kommune

Kontakt

Ingunn Sigrid Vikum Viken
Konstituert rektor og rådgjevar
E-post
Telefon 99 26 25 20

Adresse

Besøksadresse:
Gaularfjellsvegen 1059
6978 Viksdalen 

Postadresse:
Viksdalen skule
Postboks 338
6802 Førde

Kart