Fådelt skule
Vi har tre klassar på skulen, desse er sette saman av 3-4 ulike klassetrinn. Dette medfører at alle klassane er nye kvart år, sjølv om dei som regel har gått saman tidlegare. Dette gjer at vi prioriterer mykje tid den første veka kvart år til å verte kjende att, og til å gjere trivelege ting saman, som til dømes fjellturar, bading om det passar, og andre sosiale aktivitetar
SFO
Vi har SFO i barnehagen. Du søker via Visma flyt skule. Barna blir levert og henta i barnehagen, av tilsette på skulen.
Her finn du meir informasjon om sfo på Viksdalen skule
Tradisjonane våre
Vi likar tradisjonar, og vi har ein del av dei. Annakvar fredag pleier vi å ha fellessamling for alle elevane på heile skulen. Samlinga er organisert av dei ulike trinna, og gjer at alle får gjere aktivitetar saman på kryss av aldersgruppene. Dette er noko vi likar godt, og som gjer at alle kjenner kvarandre uansett alder.
Før jul har vi felles julegraut. Då samlast heile skulen, der vi pyntar bord, alle har eigne bordkort, slik at vi sit saman med elevar frå andre klassar, og vaksne vi ikkje kjenner like godt. Her et vi graut og julekaker, går rundt juletreet og les juleevangeliet. Etter julegrauten går vi i kyrkja. Førskuleborna vert og invitert på denne dagen, slik at dei kan få sjå alle som er på skulen. Vi inviterer og dei som har pensjonert seg dei siste åra, slik at dei ikkje gløymer oss heilt.
Til påske har vi felles påskelunsj, med fint dekka bord, mykje god mat, og inviterte gjester. Generelt likar vi veldig godt å få gjester!
Før jul har vi ein stor julefest på kveldstid. Der har alle klassane program. Målet kvart år er å vere ferdig med programmet på ein time, men det har vi framleis til gode å få til. Det er mat, sjølvsagt, og sang. Då har vi opp mot 200 gjester, alt rekna med. Dei siste åra har det kome publikum frå Sogn, Naustdal, Jølster og Førde, berre for å nemne nokre stader. Vi pleier få besøk av nissen, som har med seg mandariner. Og så går vi sjølvsagt rundt juletreet, i fleire ringar.
Til sommaren har vi stor avslutningsfest. Elevane har igjen program, så et vi, og så har vi formell avslutning for 10.klassingane med utdeling av vitnemål, taler og innimellom nokre tårer.
Resultat og samarbeid
Vi gjer det godt på nasjonale prøver, kartleggingsprøvene går godt og vi klagar ikkje på eksamensresultata heller. Langt viktigare er det at elevane seier dei har det godt på Elevundersøkelsen.
Vi får mykje hjelp frå både føresette og innbyggarane i bygda til å gjere ting vi vil, og det set vi stor pris på. Dei siste 6 åra har bygda og FAU med hjelp av kommunen, samla saman pengar, folk og maskiner nok til å sette opp heilt nytt klatrestativ, disser og klatrekube på skulen. Vi har og fått utandørs-sjakk, og det har vore mykje i bruk. I tillegg har vi bordtennisbord ute, og det er stor stas. I år fekk vi til og med malt heile skulen på utsida, og det takkar vi Sunnfjord kommune for! I tillegg har elevar, føresette og lærarar måla dei fleste klasseromma inne, vi har fått nytt inventar i alle rom, gjort om det gamle datarommet til arbeidsrom, gjort om grupperom til musikkrom, kjøpt inn ukuleler, samla inn keyboard og fått det nært opp til slik vi vil ha det. I tillegg har elevar og føresette laga ein flott gapahuk som vert mykje brukt, like ved skulen. Tusen takk for lån av grunn!
Fagfornyinga
Vi vil verte langt meir digitale, så alle elevar har fått laptop, som dei disponerer individuelt, sjølv om vi framleis prøver å halde oss litt analoge også. I tillegg har alle klasserom fått digitale tavler som er svært mykje brukt.
Velkomne til skulen vår, håpar de vert godt kjende med skulen og alt det kjekke vi gjer :)