Takk til Viksdalen bondelag

Kvart år får Viksdalen skulen eit slakt av Viksdalen Bondelag, til vanleg ein ung-sau. Elevane i mat og helse-klassen får vere med å lære om korleis ein parterer slaktet og kva delane heiter. 

Dette er eit kjærkome råvare-tilskot som vi brukar å lage mat vidare av. Det blir blant anna til skikkeleg julemiddag med pinnekjøt for dei som har mat og helse og nokre få inviterte gjester.

Tre personar står klar til å dele opp eit kjøttstykke. Fotograf Ingunn V. Viken - Klikk for stort bilete