Oppstartsveka på Viksdalen skuleVi starta med aktivitet, som seg hør og bør. Det tar litt tid å venne seg til å eit anna liv etter 7-8 veker med ein fri kvardag. Fordi vi er ein fådelt skule får alle elevar nye klassekameratar kvart år, og vi har fokus på klassemiljø dei første vekene.Overnattingstur for ungdomsskulenSidan veret var godt, sendte vi ungdomsskulen på overnattingstur på Vindheim frå onsdag til torsdag. Dei hadde god mat, overnatting og fjelltur. Slike turar har vi kvart år, så alle elevar har tilbod om tre overnattingar ute i løpet av ungdomsskulen. Desse turane ser vi er viktige for samhald, og er grunnlaget for gode historier frå skuletida seinare.Tur med barneskulenTorsdag var vi på tur med barneskulen. Dei kosa seg veldig ute i skogen, og hadde gode opplevingar med samarbeid og å finne løysingar. 4.-7.klasse måtte i tillegg ta den store styrkeprøven: å klare seg i Viksdalsvatnet som er både kaldt og djupt. Dei hoppar uti med kle og sko, må utføre dei øvingane som ligg i kompetanseplanen, før dei kjem seg opp att sjølve av vatnet. Karianne er ute i vatnet og hjelper dei der, medan andre lærarar står på land og motiverer. Denne opplevinga er møtt med skrekkblanda fryd kvart år, men dei kom seg uti alle saman!Sjå bildegalleri frå oppstartsveka Sist endra 26.08.2025 13.41