Lunsjveker på Viksdalen skule

To gonger i året har vi lunsjveke på skulen. Då lagar nokre elevar felles, sunn lunsj til alle og vi sit i lag og et, heile gjengen frå 1. til 10. klasse. 

Å samlast til eit måltid på denne måten styrkar det sosiale miljøet, og det er veldig populært både for elevar og lærarar. Det er ikkje gratis å lage mat, og vi er så heldige at vi får sponsing til dette av Viksdalen helselag. 

Stor takk til Viksdalen helselag!