Leseprosjekt

I vinter hadde vi leseprosjekt på skulen, og slikt må visualiserast. 

Prosjektet var på alle trinn, og tal minutt brukt til lesing, vart gjort om til eit visuelt symbol. I småskulen laga dei lesehage med blomar og insekt, på mellomsteget laga dei seg ein leseslange, men den vart så lang at den måtte strekkast over ein heil vegg samt alle vindua på langsida. Strålande innsats frå alle deltakarar.