Fysisk aktiv læring på Viksdalen skuleI dag hadde lærar Heidi atter ein spennande ide, som berre måtte prøvast på dei minste. Måndag og tysdag denne veka har vi bokstaven Kk på planen. For å få mykje øving på bokstaven, vart det hengt opp ark med mange ord på k, og nokre med k i seg, som elevane sprang og «henta». Så sprang dei tilbake på leseteppa sine for å notere ordet på eige ark. Dei henta eit ord om gangen, og skreiv så blyet spruta, andpustne og svette vart dei og, medan lydnivået var (usedvanleg) lågt, sidan alle arbeidde som heltar! Dei eldste elevane skulle skrive setningar med orda dei fann, medan dei yngste hadde nok med å finne ord og hugse dei til dei kom tilbake på «leseteppet» sitt. Suveren jobbing og alle var einige om at det var skikkeleg kjekt! Når dei var ferdige med denne økta, elevane så utkjasa, at dei sat fredeleg å teikna og høyrde på høgtlesing resten av timen. Rektor var innom, men fekk beskjed om å gå, så dei fekk høyre meir frå boka. Bilder frå dagen med fysisk aktiv læring Sist endra 22.10.2025 09.33