Elevane er utruleg flinke til å kaste seg uti leiken, med det som er lagt til rette for dei. Og frileik er ikkje «berre leik». Her kan dei øve på å klippe, i dag laga dei kassaapparat med bankterminal, så då måtte dei og lage bankkort, og dei måtte klippe ut myntar for kundar som framleis betalar med kontantar. Medan dei klipte, talde dei og rekna saman kor mange myntar dei hadde. Nokre bygde om huset på hemsen, og laga til butikken der. Atter andre klipte ut varer. I tillegg er det lagt klart for perling for dei som ønskjer, måling, alle elevane har leseteppe som dei kan ta med seg inn i det vanlege klasserommet og lese i fred. Vi har lesekrok, og bokhyller for bøkene vi får i lesekassa frå biblioteket. Frileik, eller tilrettelagt leik som det i praksis er, hjelper elevane med kreativitet, problemløysing, samhandling, diskusjonar, planlegging og strukturering.