Bading i Viksdalsvatnet

I går var det ungdomsskulen sin tur til å bade i Viksdalsvatnet.

Med tanke på at elevane våre i stor grad bur rundt vatn og elv, er det essensielt at dei kan å berge seg sjølve og kvarandre om det skulle verte naudsynt. Det var ein finfin dag, lett overskya, passe temperatur (dvs over 16 grader) og heile 12 grader i vatnet. Karianne heldt seg som vanleg i vatnet medan ungdommane testa ut korleis det var å dette uti med kle og sko. 8. og halve 9.klasse må vente til neste år med den store prøven, men halve 9.klasse og heile 10.klasse klarte oppgåvene med glans! To av dei hoppa ut att i etter prøven var avlagt, og ropte at det var deilig. Referenten valde likevel å halde seg på land.