Kontaktinformasjon SFO Vassenden skule
Telefon: 57 72 65 55 / 94 79 30 64
SFO-leiar Randi Gjesdal
Opningstider
Påmelding til SFO
Du søker på felles opptak i Sunnfjord kommune. Hovudsøknadsfristen er 1. april, men det er mogleg å søke om plass heile året.
Søk om SFO-plass
Informasjon om sfo-tilbod og prisar
Når påmelding er registrert vil de få tilsendt eit skjema, for å fylle ut dei tidspunkta/øktene de skal ha SFO. Dette er for at vi skal unne bemanne SFO ut ifrå barnetal.
Dersom du seinare ynskjer å endre tilbodet gjer du dette på same innloggingsplass som du søkte om plass.
Påmelding til SFO i feriar
Barn som skal vere på SFO i feriar må melde seg på. Det vert lagt ut påmeldingsskjema i Visma Flyt Skole i forkant av kvar ferie.
Oppseiing av SFO-tilbod
- Oppseiingsfristen er 1. månad. Du må logge deg inn via Visma Flyt Skole, for å seie opp plassen.
- Seier du opp før den 1. i månaden vil oppseiinga gjelde frå den 1. i påfølgande månad.
- Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på 1. månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.
Endre eller sei opp plass i Visma Flyt skole
Om SFO på Vassenden skule
SFO held til i Jølstrahallen, der ein nyttar klubbrom og hallen i heile opningstida. Barna i 1.-3.klasse nyttar same garderobe i skule og SFO, så ein treng ikkje dobbelt sett innesko og klede. Men det er svært viktig at føresette ser over kleda med jamne mellomrom og passar på at det blir oppdatert.
4.klassingar må ta med seg uteklede og innesko til og frå SFO og skule. Dei får garderobeplass i vestibylen i Jølstrahallen når dei er på SFO.
Barna må gjerne ha med frokost, og kose seg med den på SFO om morgonen. Frokost må vere ferdig til 0830.
Etter skuletid treng ofte barna litt energipåfyll. Vi oppmodar om å ta med seg matpakke eller frukt til SFO, spesielt om dei skal vere på SFO utover ettermiddagen.
Vedtekter SFO