Vårt elevsyn og vår visjon og verdiar Trivsel, læring og meistring for alle! Ansvar - Omsorg - Respekt Vi vil at små og store kjenner seg trygge. Alle skal vere inkluderte, oppleve trivsel, skaparglede og motivasjon i læringa si. Dette gjer vi gjennom dei tverrfaglege tema:Visjonar og verdiar Folkehelse og livsmeistring Demokrati og medborgarskap Berekraftig utvikling Vi tar ansvar ved å fremje demokrati og likestilling, og motverke alle former for diskriminering Vi tar ansvar ved å utvikle kunnskap, fremje vitskapleg tenkjemåte og kritisk tenking Vi syner omsorg ved å tilpasse til den enkelte slik at alle får dugleik og haldningar som gjer dei klare for å møte samfunnet Vi syner omsorg ved å vere ein miljøbevisst skule som viser omsorg for naturen og kulturen rundt oss Vi viser respekt for menneskeverdet ved å ha eit ope og inkluderande fellesskap der vi vektlegg verdiar om nestekjærleik, likeverd og solidaritet Vi syner respekt for den enkelte ved å fremje skaparglede, engasjement og utforskartrong der alle får bruke heile seg i læringa si Sist endra 02.08.2024 11.40