Utleige av skulebygg ved Vassenden skule

Skulen har eigne rom og avdleingar vi leiger ut. Desse er i ei eiga utleigesone på barneskulen. Til vanleg i skuleåret låner vi ikkje ut klassane sine klasserom. Dette er òg i tråd med nye personvernreglar. Vi låner òg ut gymsalen på ungdomsskulen. Vassenden skule har ikkje noko med utleige av Jølstrahallen på kveldar/helg å gjere. Du må tinge leige av rom minst 5-7 dagar før du treng rommet. Du må vere over 18 år og er personleg ansvarleg for kodebrikke du nyttar til å låse opp bygget med. 

Korleis kan du tinge lån av skulebygga til ein aktivitet?

  • Du må tinge rom/avdeling ca 5-7 dagar før du skal bruke rommet.
  • Du melder inn bestillinga di på e-post: vassenden.skule@sunnfjord.kommune.no 
  • NB! Om du tingar for seint, eller på feil måte, kan du ikkje rekne med å få lånt rom.
  • Ein person på over 18 år må vere ansvarleg for lån av bygg. Det skal alltid vere ein over 18 til stades i bygget ved utlån til aktivitetar for barn og unge. Denne personen er ansvarleg for å få personar ut av bygget ved brann.
  • Om du skal bruke rom/avdeling på faste tider gjennom året kan du gjere avtale om dette t.d. før skulestart i august.
  • Særleg for Jølster IL: Idrettslaget må sjølve fordele treningstidene idrettslaget får mellom sine lag og grupperi gymsalen. Trenarar og gruppeleiarar må ta kontakt med Jølster IL ang. ønske om treingstider.

Korleis fungerer nytt låsesystem med bruk av brikker og personleg kode?

  • Alle utleigeavdelingar har tilgang frå utsida med bruk av personleg kodebrikke. Du kan bruke same brikka i alle avdelingar.
  • Du får utlevert ei kodebrikke med personleg kode. Systemet loggar namnet ditt kvar gang du går inn i bygget.
  • Du er personleg ansvarleg for kodebrikka, og om du mistar denne må du melde frå til skulen snarast slik at brikka vert sletta frå systemet. Om brikka ikkje vert meldt som sakna, vil uvedkomande kunne gå inn i skulebygget, registrert som deg.
  • Når du er ferdig med lån av bygg skal kodebrikka returnerast til skulen innan 3 dagar.
  • Barneskulen: Inne i gangen heng ein nøkkelboks der nøkkel til undervisningsromma ligg. Du får utlevert kode til denne boksen ved utlevering av kodebrikke. Etter å ha låst/låst opp rommet du skal bruke skal du legge nøkkelen attende i nøkkelboksen.

Anna orientering

Tilsette har ikkje løyve til å låne ut sine personlege kodebrikker og nøklar, og har ikkje høve til å leige ut rom utan at det er styrt via skulen sin administrasjon. Leiinga og konsulent har ikkje høve til å ta imot spørsmål om leige eller opplåsing av skulebygg i si fritid. Allt utlån skal skje via ordinær tinging.

Kva avdelingar leiger skulen ut framover?

Barneskulen: 

  • Alle spesialromma i ny spesialromfløy (mot vest). Dette er musikkrom, naturfagsrom, mat & helseavdeling, tekstilrom og sløydrom samt grupperom i kjellaren.
  • Bibliotekavdelinga
  • Møterom: Både bibliotek, naturfagsrom, tekstilrom og grupperom i kjellar kan nyttast

Ungdomsskulen: 

  • Gymsal inkludert garderobar, scene, gang og amfi

Leige klasserom / heile skulen? 

Alle klasserom, både på barneskulen og ungdomsskulen er etter ombygginga utanfor skulen si utleigesone, og er til vanleg ikkje for utlån. Lån må skje etter eigne avtalar gjort minst 1 mnd. på førehand. Du må sjølv møte opp for å låne nøkkel, og signere på avtale der du vert ansvarleg for både nøkkel og avdeling. Du kan berre tinge lån av klasserom på barneskulen. Ved overnatting skal det vere brannvakt på over 18 år som er vaken. 

Leige av hall

Her er informasjonsskriv som vart sendt ut til alle lag og organisasjonar våren 2019.