PALS- skulemiljø

Vassenden skule arbeider med PALS som sitt førebyggande skulemiljøarbeid. Eit kjerneelement i PALS er at skulen har tre overordna reglar som gjeld alle partar: ANSVAR, OMSORG OG RESPEKT. Kvart år får alle tilsette utlevert ei oppdatert handbok med skulen sine overordna system for skulemiljøarbeid. 

I PALS arbeider vi bl.a. med dette: 

  • Positiv involvering og relasjonsbygging
  • Klasseleiing med effektive og gode beskjedar 
  • Øving på reglar i regelmatrisa for å få felles forståing 
  • Aktiv bruk av tilpassa konsekvensar 
  • Bra- kort og belønningar 
  • Aktiv og involverande inspeksjon i friminutt og pausar 
  • Kartlegging av skulemiljøet og sette inn eigna tiltak 
  • Individuelle støttesystem som tilpassa opplæring

Skulen har eit eige PALS- team som har møte annankvar veke. Ta gjerne kontakt med ein av oss i leiinga dersom du har spørsmål eller meldingar kring klasse- og skulemiljø. Medlemane i PALS- team har òg møte ressursteam jamleg. Desse har vi avdelingsvis der også helsesjukepleiar er med. 


Om du ønskjer å lese meir om PALS- modellen kan du gjere det her (ekstern lenke).