Bygg og fysiske skulemiljø

 Vassenden skule ligg fint til ved Jølstravatnet langs Nikolai Astrups veg. Skulen har i samarbeid med Trygg Trafikk laga ei Hjartesone rundt skulen. Dette betyr at skulen skal vere fri for biltrafikk 24/7 slik at alle kan ha trygg og bilfri leik og aktivitet på skulen sine uteområde året rundt. 

Vassenden skule

Barneskulen vart først bygd i 1968, og har vore utvida og endra på i fleire byggesteg i etterkant. I 2019 vart bygget renovert i sin heilskap. Skulen har mange nye klasserom, ny personalavdeling og alle avdelingar har godt inneklima med ventilasjonsanlegg. I tillegg til klasserom har avdelinga spesialavdelingar for naturfag, kunst og handverk, kroppsøving, musikk, filmrom, mat og helse og stort skulebibliotek. 

Jølstrahallen

Våren 2020 stod den heilt nye fleirbrukshallen klar for bruk til kroppsøvingsundervisning. Hallen har handballstørrelse og kan delast inn i tre mindre salar. I tillegg har hallen tribuner, 4 garderobar, buldrerom og kantine. Vassenden skule driftar sin SFO i Jølstrahallen, del barna har tilgang på dei ulike aktivitetssonene i hallen og uteområdet i opningstidene til SFO. 

Uteområde 

I 2025 stod heilt nytt uteområde ferdig. Uteområdet består av variert tilbode med pumptrack (sykkelløype), klatrestativ, klatretårn, ballbane, sandkasse og ballbinge. Skulen disponerer òg Øyaflata kunstgrasbane (7`ar fotball).

I lokalsamfunnet 

Vi har Jølster Løypelag sine langrennsløyper rett ved skulen. Løypelaget køyrer ofte langrennsløypa heilt inn til skulebygga slik at vi får "ski inn og ski out". Vassenden 2025 sin nye gapahuk i langrennsløypa er universielt tilrettelagt tilkomst til for skulen. Dette er ein fin stad å ha både leik og aktivitet på. Vi nyttar oss og ofte av multisportsanlegget i Jølster skisenter. Det er flotte mogelegheiter for å sykle med elevane i Nikolai Astrups veg, og vi har mange varierte fjellturar å velje mellom. Og om vi vil vasse, fiske eller bade kan vi gjere det i Jølstravatnet som er rett nadanfor skulebygga. Når det er kalde vintrar, og det vert stålis på Jølstravatnet, brukar skulen isen til skøytetrening. Skulen har eige orienteringskart laga for området og terrenget rundt skulen og Vassenden.

Gjesthalla samfunnshus 

Skulen har samarbeidsavtale med samfunnshuset Gjesthalla. Her er det godt tilrettelagt for framsyningar og varierte kulturinnslag i skuletida. Vi kan òg låne Gjesthalla til skulearrangement på kveldstid. T.d. til elevkonsertar, framsyningar og foreldremøte på tvers av fleire klassar.