Utandørs symjeglede ved Vassenden skuleForbipasserande har hatt sjansen til å sjå små og store elevar frå Vassenden skule bade i Jølstravatnet førre og denne veka. Det var ikkje mange gradene i vatnet, men vi var så heldige å få tilgang til rulledampen til Fjærland guiding slik at dei fekk varme seg både før og etter badet. For ein del av elevane var aktiviteten direkte knytt til kompetansemål i kroppsøving. For 7. trinn er målet at ein skal kunne vurdere sikkerheit i uteaktivitet og gjennomføre sjølberging i vatn, og for 10. trinn er målet å gjennomføre livberging, på og ved vatn i naturen. Sist endra 28.05.2025 14.21